Biblo-samling

Laget av: Kyrkja i Kvinnherad | Varighet: 1 time | Alder : | Publisert: 27. april 2017

Kategorier : , , ,

Samling for barn om den barmhjertige Samaritan med bygging, song og bøn.

Dette er eit enkelt opplegg på ca. 1 time (for 20 barn). Om du har fleire i gruppa treng du lengre tid. Det er ein fordel om foreldra er med og hjelper med bygginga der det trengs. Bruk gjerne påmelding på nett, der foreldra kryssar av om dei blir med. Kvart barn får sitt eige byggesett, som kan ein kan bestille på www.biblo.no.

Samlinga:

Fortellinga om den gode Samaritanen blir først fortalt med flanellograf, deretter vises ein animajsonsfilm frå www.max7.org

Så får alle barna utdelt eit Biblo-byggesett. Bygginga tar om lag 30 min.

Dei vaksne går rundt og snakkar litt med ungane om temaet mens dei bygger.

Mot slutten av samlinga kan ein synge nokre songar saman, avhengig av kor mykje tid som er igjen. Samlinga avsluttes med ei enkel bøn, der leiaren ber først og barna gjentar, etterfulgt av at ein syng «Må Gud velsigna deg».

 

Søk i ressursene

Skriv inn ditt søkeord her, i neste steg kan du filtrere resultatene på alder og kategorier.

Søk i kategorier og alderstrinn