Samarbeid med barne- og ungdomsorganisasjonar

Fra Plan for trosopplæring GUD GIR – VI DELER s. 33-34

Mange kyrkjelydar har aktivitetstilbod i form av kulturverksemd, lag og foreiningar for barn og unge. Det kan vere kor, speidartropp, ungdomsklubb i regi av kristne barne- og ungdomsorganisasjonar eller i samarbeid med kyrkjelyden. Dette er tilbod som utgjer ein verdifull sosialiserings- og læringsarena for dei som tek del i arbeidet.

Dei frivillige kristne organisasjonane er ein viktig ressurs i mange kyrkjelydar med det barne- og ungdomsarbeidet dei driv, og med programma for leiaropplæring. Dei har kompetanse, organisasjonsapparat og vilje til å spele ei rolle i trusopplæringa i kyrkja. Mange stader er eit slikt samarbeid avgjerande for å utvikle ei systematisk trusopplæring for alle døypte. Særleg er samarbeid om breiddetiltak og leiarutvikling aktuelt. På denne måten får trusopplæringa tilført kompetanse og leiarressursar, og deltakarane i eit breiddetiltak kan få kjennskap til eit miljø som det er aktuelt for dei å vere ein del av også etter at tiltaket er avslutta.

Samiske organisasjonar, forsamlingar og språksenter kan medverke til å fremje samisk språk, kultur og samfunnsliv. Mange kristne organisasjonar har allereie eit godt utvikla trusopplæringsopplegg, og kyrkjelyden kan styrkje tilbodet sitt gjennom samarbeid med ulike organisasjonar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Det er viktig at ein lokalt prøver å få til eit best mogleg samarbeid, slik at trusopplæringsarbeidet kan verke rekrutterande for desse organisasjonane.

Når det blir skipa lag og foreiningar i det kontinuerlege arbeidet i kyrkjelyden, er det naturleg at dei blir melde inn i ein nasjonal organisasjon. Det gir eit nettverk og tilgang til materiell, ulike arrangement, leiaroppfølging og ressursar. Kyrkja er éin av mange aktørar i kvardagen til barn og unge. Trusopplæringa i kyrkjelyden opnar for samarbeid med foreiningar, ressursmiljø og institusjonar om oppvekstmiljøet til barn og unge.

Det gir stor vinst å samarbeide med kulturskule, idrettslag, korps, historielag og andre instansar som driv førebyggjande arbeid retta mot barn og unge i nærmiljøet. Det gjer kyrkja meir synleg i lokalsamfunnet, og det kan hjelpe kyrkjelyden med å utvikle tilbod med høg kvalitet. Det vil vere ein styrke for den samla læringa til barn og unge dersom kyrkjelyden i det lokale planarbeidet kartlegg kva barnehagane og skulane gir av kunnskap og opplevingar knytt til kristendom og kyrkje. Da kan trusopplæringa koordinerast og spele saman med resten av den opplæringa barn og unge tek del i.