Musikk og kultur

Fra Plan for trosopplæring GUD GIR – VI DELER s. 32

Den kulturelle verksemda i kyrkjelyden er trusopplæring i brei forstand, med viktig innhald, arenaer og arbeidsmåtar i trusopplæringa. Kunst- og kulturuttrykk gir aktuelle og slitesterke bilete, ord og opplevingar knytte til trua og livet. Musikk og kulturverksemd gjer det mogleg for barn og unge å vere både mottakarar, deltakarar og medarbeidarar i det lærande fellesskapet i kyrkjelyden.

Plan for kyrkjemusikk i Den norske kyrkja slår fast at det er eit særmerke ved kyrkja som læringsstad at ho rår over eit mangfald av uttrykks- og samværsformer med læringspotensial. Gjennom arbeid med til dømes bibeltekstar, liturgi og salmar både lærer og opplever vi trua – og deler trua med andre. Det er derfor naturleg å sjå planar for kyrkjemusikk og trusopplæring i samanheng.

I dei kulturelle, musikalske og liturgiske tradisjonane i kyrkja ligg ein rik arv som stadig er i utvikling. Utvalet av salmar, songar og andre uttrykksformer i trusopplæringa må spegle mangfaldet og sikre både tradisjonsformidling og fornying. Samisk kultur, musikk og liturgi høyrer til dette mangfaldet. I den verdsvide kyrkja er kunst og kultur eit språk for å dele tru mellom ulike nasjonalitetar og kulturar. Det gir røter og tilhøyrsle til uttrykksformer som knyter oss saman som kristne. Det er givande å la ulike former for barne- og ungdomskultur kome til uttrykk i trusopplæringa.

Korarbeid er ein sentral læringsarena der songarane får eigarforhold til det som blir sunge, samtidig som dei formidlar trua. Tru kan òg uttrykkjast gjennom dramatisering, dans og biletkunst. Sentrale bibelforteljingar er referanseramme for mykje av den vestlege kunst- og litteraturskatten. Arbeidet med musikk og annan kultur i trusopplæringa gir høve til tverrfagleg samarbeid mellom dei tilsette i kyrkjelyden. Det ligg òg eit positivt potensial i samarbeid mellom kyrkjelyden, kulturinstitusjonar og kunstnarar i lokalsamfunnet.