Inkludering og tilrettelegging

Fra Plan for trosopplæring GUD GIR – VI DELER s. 28-29

I 1 Kor 12 blir kyrkja omtala som ein kropp der vi alle er lemmene til kvarandre og avhengige av kvarandre. Det kristne menneskesynet framhevar at alle er skapte likeverdige i Guds bilete. Alle har same menneskeverd og har noko å gi. Menneskerettane understrekar at alle har rett til både å uttrykkje og utøve trua si. Ei tilrettelagd trusopplæring skal innarbeidast i grunnforståinga hos kyrkjelyden, slik at alle barn og unge får eit reelt tilbod om trusopplæring.

Med ei tilrettelagd trusopplæring er meint universell utforming (tilrettelegging av dei fysiske forholda) og individuell tilrettelegging (individuelt tilpassa tiltak). Det knyter seg spesielle utfordringar til å sikre eit tenestetilbod som tek omsyn til denne sida ved trusopplæringa. Universell utforming er i særleg grad sett på dagsordenen i samfunnet gjennom diskriminerings- og tilgjengelegheitslova. Føremålet med lova (§ 1) er «å fremme likestilling og likeverd, sikre like muligheter og rettigheter til samfunnsdeltakelse for alle, uavhengig av funksjonsevne, og hindre diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne». Denne plikta utfordrar til planlegging av undervisningsopplegg og til kreativitet med omsyn til korleis ein kan realisere læringsmål ved å bruke ulike metodar og arenaer. Universell utforming er eit generelt ansvar for kyrkja.

Kvart kyrkjeleg fellesråd har ansvar for å leggje til rette for at flest mogleg kan bruke kyrkjebygg og andre lokale. Universelt utforma omgivnader gjer at færre personar med nedsett funksjonsevne treng særskild tilrettelegging. Samtidig som universell utforming er ei grunnleggjande målsetjing, treng somme barn og unge individuell tilrettelegging og fleire ressursar for å få eit likeverdig tilbod. Det gjeld i særleg grad barn og unge med utviklingshemming og nedsett funksjonsevne. Opplæringslova og diskriminerings- og tilgjengelegheitslova slår fast at opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene til den enkelte og leggjast til rette slik at elevar med redusert funksjonsevne får likeverdige opplæringstilbod. Desse ordningane gir viktige retningslinjer også for trusopplæringa i kyrkja. Det kan innebere at det må vere tilbod om tilrettelagde sosiale og pedagogiske opplegg, individuell plan og ekstra oppfølging og ressursar.

Med sikte på å gjere det mogleg for alle barn og unge å ta del i fellesskapet og trusopplæringa i kyrkja må kyrkjelyden vere merksam på og skaffe seg kunnskap om barn og unge i lokalmiljøet som treng individuell tilrettelegging. Barna, ungdommane og foreldre/føresette har ein særskild kompetanse når det gjeld måten trusopplæringa kan leggjast til rette på. Det bør etablerast gode rutinar for oppfølging og informasjon om kven i kyrkjelyden (tilsett eller frivillig) som har hovudansvar for oppfølginga. Det er nødvendig å setje av menneskelege og økonomiske ressursar til dette arbeidet.

For å auke kunnskapen og kompetansen hos tilsette og frivillige, og for å kunne gi eit godt tilbod, er det viktig å samarbeide med den enkelte forelder/føresette og eventuelt få samtykke til samarbeid med relevante fagmiljø/fagpersonar og anna støtteapparat.

Ressursar:

Borg biskop og bispedømmeråd ønsker å gi menighetene konkret hjelp til å skape en inkluderende menighet, og har laget en ressursside til nettopp dette. Her finner du sjekkliste for hvordan bli en inkluderende menighet, ressursmateriale og mer.

 

 

DøvekirkenLes meir om kva ressursar Døvekyrkja kan bidra med i Folder om trosopplæring til foreldre med hørselshemmede/døve barn. Tilsette i Døvekyrkja kan gje vegleiing i forhold til spørsmål om trusopplæring og konfirmasjon, med tanke på barn og unge med hørselshemming. Ta kontakt!

 

 

IKO

IKO – har blant anna eit forlag med mykje godt ressursmateriell. Under vil vi eksempelvis dra fram litt av dette ressursmateriellet. Sjå elles web sida: www.iko.no – klikk på «forlag».

 

Bibelboka mi«Bibelboka mi» – av Tor Ivar Torgauten. Klassisk bibelbok (på begge målføre og på samisk og kvensk). 16 utvalde bibelforteljingar, med salmar og bøner, som er knytt saman.  Illustrasjonar i heilfigur, klåre fargar og med ein enkel tekst. Tilpassa barn med utviklingshemming – men fungerer like greitt for alle barn. Illustratør: Annlaug Auestad.

 

 

 

«Eg Òg» – Jostein Bildøy. Omhandlar utfordringar i konfirmanttida når ein får konfirmantar med multihandikap og korleis ein løyser desse.  Ei praktisk bok. Forfattaren har også personlege erfaringar med dei utfordringane som vert presentert i boka.

 

 

 

 

 

Omslag til boken "I samme fellesskap"«I samme fellesskap»  –  av Tor Ivar Torgauten (red). Ei handbok i inkluderande konfirmantarbeid. Gjennom praktiske erfaringar får ein gode tips i korleis ein kan leggja til rette konfirmantåret. Å leggja til rette er ikkje ei oppgåve for spesielt interesserte, men er og skal vera ein gjennomgåande strategi for kvar kyrkjelyd.

 

 

 

 

Omslaget til boken "Kirkeårets fortellertekster"

«Kirkeårets fortellertekster – bind 1 og 2»  Mange ulike kyrkjelydar har jobba med alle forteljartekstane i kyrkjeåret, vanlegvis i form av enkel dramatisering. Gruppene har vore breidt samansett av barn, unge, vaksne og eldre. I desse gruppene har ein gjennomgåande også hatt deltaking av menneske med utviklingshemming.  Dette er erfaringsbasert materiale – der tilgjenge, deltaking og visualisering er nøkkelord.

 

 

Omslaget til boken "Levende bibelfortellinger"Levende bibelfortellinger – av Rune Rasmussen. Sjå også bibelkort og CD med illustrasjonar.  Alt knytt til konfirmantopplegget «Se, smak og kjenn». Visualisering av bibelforteljingar og av gudstenesta.  Fungerer godt i ei liturgisk ramme. Vart i utgangspunktet laga som eit opplegg tilpassa unge med autisme. Passar likevel godt for alle konfirmantar med særskilt behov for strukturerte samlingar.

 

 

 

KABB sin logoKABB.  Har lydbøker og høyrespel for barn og unge. Kan vera aktuelt for mange barn uavhengig av funksjonsnivå  – og langt fleire enn barn som er blinde og svaksynte. www.kabb.no, gå til «netthandel» for å få oversyn.

Bosjyre frå KABB med tips til lydbøker:
Brosjyre til TOL – for alle

 

Logoen til FFO

FFO, eller «Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon», er ein paraplyorganisasjon for 72 ulike diagnoseforeningar/ interesseorganisasjonar. Nyttig oppslagsportal for deg som kjem borti barn og unge med diagnosar du gjerne ikkje har høyrt om. Lett og oversiktleg kunnskap om diagnosar. Webside: ffo.no

SAFO, eller «Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner», er ei tilsvarande samanslutning av interesseorganisasjonar som FFO. Det er likevel berre 3 organisasjonar under denne paraplyen («Foreningen Norges Døvblinde», «Norsk Forbund for Utviklingshemmede» og «Norges Handikapforbund»). Dei to sistnemnde organisasjonane er likevel store og viktige som interesseorganisasjonar. Web side: safo.no

Logoen til bupbarn.no

bupbarn.no Ei god nettside med eit innhald som retter seg direkte inn mot målgruppene. Også eit rikhaldig nettbibliotek, med oversikt på mange aktuelle boktitlar.

Konfirmantlogg: Korleis dokumentera konfirmanttida? Nyttig reiskap i konfirmanttida – for unge med behov for språkstøtte og som har intellektuelle handikap. Ein metodikk som lett kan overførast til alle aldersfasane i trusopplæringa.   Dette lagar ein sjølv.  Kamera, pc, printar, perm og plastlommer for utskriftsark.   Kort tekst med dato, tema for dagen, redigera bilete og tekst. Ein slik logg kan også ha enkle oppgåver, om dette er aktuelt.