Gudsteneste

Fra Plan for trosopplæring GUD GIR – VI DELER s. 29-30

Gudstenesta er hovudsamlinga i kyrkjelyden og er i tillegg til eit trusfellesskap også eit læringsfellesskap. Vi lærer gjennom ulike uttrykksformer som tekstar, liturgi, bønner, salmar, kunst og symbolhandlingar. Kyrkjerommet er eit annleis rom som opnar for læring som bind saman kunnskap, praksis og fellesskap. Gudstenesta har såleis ein sentral plass i trusopplæringa.

Denne planen tilrår at alle trusopplæringstiltak skal ha tilknyting til gudstenestelivet i kyrkjelyden, anten i form av deltaking i ei gudsteneste eller ved at gudstenestlege element inngår i undervisningssamværa. Da er møtepunkta i trusopplæringa med på å prege gudstenestelivet ved at barn og unge får ein tydeleg plass i kyrkjelydsfellesskapet.

Det vil variere frå tiltak til tiltak om det er gudstenester med til dømes utdeling av fireårsbok eller presentasjon av konfirmantar, eller om trusopplæringa er forankra i det vanlege gudstenestelivet i kyrkjelyden frå søndag til søndag. Uansett må barn og unge og familiane som tek del i trusopplæringa, oppleve at dei høyrer til i kyrkjelydsfellesskapet, at dei er inkluderte og jamstilte i det «vi» som er samla for Guds ansikt.

Gudstenesta er for alle – uavhengig av funksjonsevne. Det mangfelte språket i gudstenesta i form av ord, bilete, musikk og rørsle gjer det lett å inkludere personar med nedsett funksjonsevne som deltakarar og medarbeidarar. Tilhøyrsle og eigarskap blir skapt gjennom inkludering og aktiv deltaking. Barn og unge kan delta som medliturgar, dei kan lese tekstar og bønner. Dei kan delta med song, dans, drama, preike, medverke under nattverden osv. Det er viktig at dei er med som aktørar i både førebuing, gjennomføring og evaluering.

Gjennom sentrale liturgiske ledd som Fadervår, truvedkjenninga, bønnene og velsigninga møter barn og unge sentrale trusuttrykk som ikkje berre høyrer til i søndagsgudstenesta, men òg i kvardagen.