Tru og tradisjon i kyrkja

Fra Plan for trosopplæring GUD GIR – VI DELER s. 14

Trusopplæringa skal formidle kristen tru slik ho kjem til uttrykk i Bibelen, i vedkjenningsskriftene, i gudstenesta og gjennom kulturarven vår.

Undervisningstradisjonen i kyrkja har særleg framheva truvedkjenninga, bønnene og boda som sentrale. Kjennskap til sakramenta og kunnskap om historia og tradisjonane i kyrkja, dei samiske medrekna, er sentrale element.

Kristendommen har prega det norske samfunnet på mange måtar, og trusopplæringa skal overlevere kristen kultur og tradisjon til nye generasjonar.