Livstolking og livsmeistring

Fra Plan for trosopplæring GUD GIR – VI DELER s. 14

Trusopplæringa skal ta utgangspunkt i livssituasjonen til barn og unge og formidle trua slik at den døypte kan forstå sitt eige liv og sitt eige tilvære i lys av trua på den treeinige Gud.

Dette kan gi kvar og ein erfaringar og språk for å tolke livet og forteljinga si i samanheng med korleis Gud handlar i og gjennom historia.

Kristen livstolking går ut på å forstå seg sjølv og tilværet i lys av relasjonen til Gud, til seg sjølv, til andre menneske og til skaparverket. Dette kan gi utrusting til å leve livet i kvardag og høgtid, i sorg og glede, i krise og oppbrot, åleine og i fellesskap.

Livsmeistring handlar om å kunne møte livet i gode og vonde dagar, å ha tru på sine eigne ressursar og ha håp for framtida. Å vere skapt og elska av Gud gir grunnlag for eit slikt håp.