Kristen tru i praksis

Fra Plan for trosopplæring GUD GIR – VI DELER s. 14

I dåpen blir vi fødde på nytt til å leve eit liv i Kristus. Impulsar til å leve dette nye livet er ein viktig del av innhaldet i trusopplæringa. Trua blir mellom anna praktisert gjennom bønn, feiring av gudsteneste, gjennom bibellesing og lovsong og i teneste og etterfølging.

Ei innføring i trua gjennom praksis gir hjelp til å leve livet i lys av Kristi kjærleik og nåde. Kristen tru lever ein ut i kvardagen ved å vere medmenneske og medarbeidar i familien, kyrkja og  samfunnet ut frå sine eigne føresetnader.