Innhald

Fra Plan for trosopplæring GUD GIR – VI DELER s. 14-15

Innhaldet i trusopplæringa prøver å halde saman livssituasjonen til den enkelte, trua og tradisjonen i kyrkja og eit fokus på kristen tru i praksis. Til saman er desse aspekta heile innhaldet i trusopplæringa.

Trosopplæringens innhold

Sentrum i trua, Guds kjærleik i Jesus Kristus, skal prege alle tiltak, medan ulike aspekt ved innhaldet i trusopplæringa blir systematisk fordelte og utdjupa gjennom ulike tiltak og samvær. Aspekta står i eit dynamisk forhold til kvarandre, slik at dei påverkar kvarandre gjensidig. Til dømes vil eit godt bibelkurs samtidig gi kunnskap om Bibelen, øving i å bruke Bibelen og språk til å refl ektere over eige liv.

Ei systematisk og samanhangande trusopplæring er ein kontinuerleg prosess der tidlegare kunnskap og erfaring er knytt til ny og fordjupa kunnskap og erfaring. Slik får barn og unge i  trusopplæringa møte dei mest sentrale elementa i trua ut frå ulike innfallsvinklar uavhengig av samanheng og alder.