Kirken logo
God nok

Bilde: Landro sokn

God nok

Hvordan styrka barns psykiske helse i overgangen til ungdomstiden?

  • Alder
    9-12, 13-15
  • Laget av
    Landro sokn
  • Publisert
    04.03.2024
  • Oppdatert
    04.03.2024
  • Beskrivelse

    Formålet med God nok er å styrkja barns psykiske helse i overgangen til ungdomstida. Prosjektet er støttet med innovasjonsmidlar frå Kyrkjerådet.

    Samskaping mellom kyrkje og skule

    Som kyrkje i lokalsamfunnet ønskjer me å ta barns psykiske helseutfordringar på alvor og gjera noko for ungdom i nærmiljøet. Det er eit 1 ½ årig samskapingsprosjekt mellom Landro kyrkje og Landro skule. Prosjektleier er  diakon Torunn Nateland Utvær, hun samarbeider tett med helsesjukepleiar på skulen. Me ønskjer å gi barn høve til trygge fellesskap, samtale og aktivitet.

    Tilbudet 

    Me har jente- og gutegrupper i skuletida annakvar veke. Her tek me opp ulike tema innan psykisk helse. I haust leigde me inn Søgnie Lillevik Nilsen frå Diameta, eit kompetansesenter for sjølvkjensle og livsmeistring. I vår er planen å leiga inn Barnevakten, ein ideell stifting som jobbar for at barn og unge skal bruka digitale medium på ein trygg måte.

    Annakvar veke har me “Etter skuletid” i Landro kyrkje. Her har me med oss fire frivillige, pensjonerte pedagogar. Me har fokus på å vera mange trygge og gode vaksne som har tid og kan sjå den enkelte. Etter eit varmt måltid med god tid til prat, har me spel og aktivitetar i kyrkjekjellaren, mellom anna bordtennis og biljard. Me har også hatt aktivitet og grilling på bålpanne i kyrkjehagen, og tur i skogen med bål og grilling. På avslutning før jul var gleda stor når me hadde bowling og pizza på Fjell-ly leirplass på Møvik.

    Eit fleirtal frå 7. trinn på Landro skule har vore eller er med på God nok. Tilbodet er livssynsope.

    God nok-dør

    I Landro kyrkje har me ei eiga dør me bruker. Der står det: “God nok – verdifull for den du er og ikkje på grunn av det du presterer.”

Kontaktpersoner