Kirken logo

Stabil oppslutning om kyrkjelege handlingar

Resultata frå Den norske kyrkja si medlemsundersøking viser stabil oppslutning om kyrkjelege handlingar og at mange ynskjer kontakt med kyrkja.

Stabil oppslutning om kyrkjelege handlingar
Publisert 13. november 2023
Oppdatert 14.11.2023

Nær åtte av ti medlemmer ville døypt barnet sitt i kyrkja dersom dei fekk eit barn no.

Det viser ferske tal frå Den norske kyrkja si medlemsundersøking som vart offentleggjort i går. Oppslutninga om dåp på 77 prosent er ein nedgang på eitt prosentpoeng samanlikna med 2021 og 2019.

– Dette er framleis eit høgt tall, og så må vi halde fram med å legge alt til rette for dei som ynskjer dåp, seier avdelingsdirektør for kyrkjefag Jan Christian Kielland.

Kyrkja er der ved viktige livshendingar

Medlemsundersøkinga vert gjennomført annankvart år og spør eit representativt utval av kyrkja sine medlemmar om dei ville vald dåp, konfirmasjon, bryllaup og kyrkjeleg gravferd.

65 prosent ville valt kyrkjeleg konfirmasjon om dei skulle verte konfirmert no. Det er ein nedgang frå 2021, men samtidig eitt prosentpoeng meir enn i 2019. Seks av ti ville vald kyrkjebryllup dersom dei skulle gifta seg.

Det er stabil utvikling på kor mange som ville vald kyrkjeleg gravferd. 78 prosent svarar at dei ynskjer kyrkjeleg gravferdsseremoni, medan 15 prosent svarar «veit ikkje». Det er ingen skilnader mellom menn og kvinner, men eldre er litt meir positive til kyrkjegravferd enn dei yngre.

54 prosent svarar at dei opplever at kyrkja er der ved viktige livshendingar.

– Kyrkja er viktig for folk og medlemsundersøkinga får fram at mange ynskjer å velje seremoniane i kyrkja. Det er mellom anna interessant at fleire unge enn eldre ynskjer kyrkjebryllaup. Samtidig må vi sjå nærare på dei ulike nyansane i kva ulike segment svarer.

Seks av ti har motteke informasjon frå kyrkja

Medlemsundersøkinga har også spørsmål om medlemmane si kontakt med kyrkja. Fire av ti har motteke kyrkjelydsblad det siste året, og dette bladet er den informasjonskanalen som blir nemnt oftast av medlemmane.

På spørsmål om korleis folk ynskjer å få informasjon frå kyrkja, svarar 23 prosent at dei ynskjer fysisk kyrkjelydsblad, 19 prosent svarar noko i postkassa og 23 prosent svarar e-post. 17 prosent ynskjer å få informasjon gjennom sosiale medier.

– Desse tala viser at mange ynskjer å høyre frå si kyrkje. Frivillige, folkevalde og tilsette legg ned mange timar med arbeid for å få gode blad og digital informasjon. Det vert lagt merke til, seier kommunikasjonsdirektør Emil Engeset.

28 prosent av dei spurde medlemmane svarar at dei kjenner godt til kyrkja sine tilbod der dei bur. Engeset meiner dette viser at kyrkja har noko å strekke seg etter. 

– Dette viser at vi framleis har noko å strekke oss etter for å gjere kyrkja sitt arbeid og tilbod kjent. Då må vi ta i bruk mange ulike kanalar – både digitale og fysiske. Vi veit at det er viktig med god og oppdatert informasjon på nettsida heile året, om kyrkja sine tilbod og aktivitetar – og at det er lett å få informasjon om korleis ein kan melde seg til kyrkjelege handlingar.  

Last ned rapport frå medlemsundersøkinga 2023 her.

Les aktueltsaka Medlemsundersøkelsen 2023: – Glad kirken er der

Kontaktpersoner

  • Anders Emil Kaldhol
    Anders Emil Kaldhol Rådgiver, avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ak547@kirken.no