Kirken logo

Snart kjem resultat frå medlemsundersøkinga

I neste veke kjem resultatet frå medlemsundersøkinga.

Snart kjem resultat frå medlemsundersøkinga
Publisert 3. november 2023
Oppdatert 03.11.2023

Annankvart år vert det gjennomført ei medlemsundersøking i Den norske kyrkja. Førre gong var i 2021 – og snart er resultata frå undersøkinga i år klare. 

Eit representativt utval av medlemmane svarar på spørsmål knytt til:

  • Deltaking og kontakt med kyrkja
  • Oppfatningar om Den norske kyrkja
  • Kyrkja si betydning
  • Tru
  • Verdisyn og samfunnsspørsmål.

I år vart det også spørsmål om folk hadde fått med seg at det var kyrkjeval i år, noko åtte av ti medlemmar hadde fått med seg. Les meir om det her

Det er plan om å offentleggjere resultata måndag 13. november, og det kjem informasjon i nyheitsbrev 14. november. Då vil det vere ein rapport for kyrkja som heilskap og ein rapport per bispedøme. 

Undersøkinga er gjennomført av Opinion på vegne av Den norske kyrkja. 

Kontaktpersoner

  • Anders Emil Kaldhol
    Anders Emil Kaldhol Rådgiver, avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ak547@kirken.no